Infidels

studioalbum av Bob Dylan From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Infidels er det 22. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records i oktober 1983.

Meir informasjon Bob Dylan-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Det var produsert av Mark Knopfler og Dylan sjølv og var det første albumet på nokre år der Dylan berre skreiv verdsleg musikk etter at han konverterte til kristendom og gav ut tre evangeliske gospelplater. Sjølv om han aldri offentleg forsaka trua si eller forlet religiøse bilete, fekk Infidels mykje merksemd på grunn av meir personlege tema som kjærleik og tap, i tillegg til kommentarar om miljøspørsmål og geopolitikk.

Albumet fekk betre mottaking enn på mange år for Dylan og vart stort sett hylla for dei gode låtane og den gode framføringa. Albumet gjorde det òg forholdsvis bra kommersielt og selde til gull i USA, der det nådde 20. plassen. I Storbritannia nådde det 9. plassen, medan det i Noreg gjekk heilt til topps. Likevel var mange tilhengjarar og kritikarar uroa over at fleire songar vart fjerna frå albumet like før det vart mastra, mellom anna «Blind Wille McTell», som mange kritikarar har trekt fram som eit av høgdepunkta i karrieren til Dylan. Denne songen kom først ut på The Bootleg Series Volumes 1–3 åtte år seinare.

Remove ads

Innspeling

Infidels vart produsert av Mark Knopfler, mest kjend som frontmann i bandet Dire Straits. Dylan ønskte først å produsere albumet sjølv, men følte at teknologien var blitt for avansert for han, så han møtte feire artistar som var meir heime i eit moderne platestudio enn han. David Bowie, Frank Zappa og Elvis Costello vart alle møtt før Dylan hyrte Knopfler.[11]

Knopfler innrømde seinare at det var vanskeleg å produsere Dylan. Med Knopfler ombord samla dei saman eit lag av dugande musikarar. Knopfler spelte sjølv gitar i lag med Mick Taylor, som tidlegare var sologitarist i Rolling Stones. Etter å ha blitt introdusert for Taylor sommaren før, utvikla Dylan eit venskap med han som førte til at gitaristen fekk høyre songane på Infidels i månadane før innspelinga i april.[12] Taylor spelte òg slidegitar på innspelingane.

Knopfler føreslo Alan Clark på klaverinstrument og lydteknikaren Neil Dorfsman. I følgje Knopfler var det Dylan sin idé å hente Robbie Shakespeare og Sly Dunbar som rytmeseksjon. Mest kjend som Sly & Robbie var Shakespeare og Dunbar kjende reggaeprodusentar og plateartistar på Island Records.

Remove ads

Innhald

Alle songar skrivne av Bob Dylan.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads