Robert Heffernan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Robert Heffernan
Remove ads

Robert Heffernan (fødd 28. februar 1978) er ein ein irsk friidrettsutøvar frå Cork som vart verdsmeister på 50 km kappgang ved verdsmeisterskapen 2013 i Moskva, etter tidlegare å ha vunne EM-bronse på 20 km i 2010 og OL-bronse på 50 km i 2012.

Kjappe fakta
Thumb
Heffernan går i mål til VM-gull i Moskva i 2013

Heffernan deltok i dei store internasjonale meisterskapane på 20 km frå OL 2000, men det var fyrst i 2010 han makta gå inn til medalje. Under EM 2010 i Barcelona fekk han bronsemedaljen på 20 km, men fyrst etter at vinnaren av tevlinga, Stanislav Jemeljanov frå Russland, var diskvalifisert. Ei veke etter gjekk Heffernan inn til fjerdeplass på 50 km. Ved Sommar-OL 2012 i London kom han i mål som fjerdemann på irsk rekordtid 3.37.54, men etter at vinnaren Sergej Kirdjapkin i 2016 fekk annullert si gullmedalje, rykte Heffernan opp på bronseplassen.

Høgdepunktet for Heffernan kom under verdsmeisterskapen 2013 i Moskva. Her kryssa han mållinja som fyrstemann etter 3.37.56 tids gange og kunne stige øvst på sigerspallen.

Remove ads

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads