Robert Johnson

From Wikipedia, the free encyclopedia

Robert Johnson
Remove ads


Robert Leroy Johnson (8. mai 191116. august 1938) var ein USA-amerikansk bluesmusikar frå Mississippi. Innspelingane hans frå 1936 og 1937, som står som milepålar i musikkhistoria, syner ein kombinasjon av synging, gitardugleik og talent for låtskriving som har påverka seinare generasjonar av musikarar. Det skuggelagte og dårleg dokumenterte livet til Johnson, som døydde berre 27 år gammal, har gjeve liv til legendestatusen hans. Ei Faust-aktig segn skal ha det til at han selde sjela si til djevelen ved eit lokalt vegkryss i Mississippi for å få suksess. Som ein omreisande artist som hovudsakleg spelte på gatehjørne, på juke joints og til dans på laurdagskveldar, fekk Johnson lite kommersiell suksess eller offentleg respekt medan han levde.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Etter at innspelingane hans kom ut på ny i 1961 på LP-plata King of the Delta Blues Singers, nådde musikken hans ut til eit større publikum. Johnson vert i dag rekna som ein meister innan blues, særleg Mississippi Delta blues-stilen. Han er omtalt av mange rockemusikarar som ei viktig inspirasjonskjlde. Blues- og rockemusikaren Eric Clapton har kalla Johnson «den viktigaste bluessongaren som nokon gong har levd.»[1][2]

Johnson vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame under den første seremonien i 1986, som ei tidleg inspirasjonskjelde for rock and roll.[3] I 2003 vart Johnson rangert på femteplassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[4]

Remove ads

Diskografi

Det vart gjeve ut elleve 78-plater av Johnson på Vocalion Records medan han levde. Ei tolvte plate kom ut etter han var død.[5]

The Complete Recordings kom ut 28. august 1990 og inneheld nesten alt Johnson spelte inn, 29 innspelingar i alt og 12 alterantive opptak.[6]

For å feire 100-årsdagen til Johnson gav Sony Legacy den 8. mai 2011 ut Robert Johnson: The Centennial Collection, med alle dei 42 innspelingane hans[7] og to korte fragment.[7]

Rock and Roll Hall of Fame

Rock and Roll Hall of Fame tok med fire songar av Johnson på lista ssi over «500 songar som forma rock and roll».[8]

Meir informasjon Innspelingsår, Tittel ...

Hyllestalbum

Blant hyllestalbuma til Robert Johnson finn ein:

Meir informasjon År, Artist ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads