Me and Mr. Johnson
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Me and Mr. Johnson er eit album frå 2004 av Eric Clapton. Albumet er ei hyllest til den legendariske bluesartisten Robert Johnson. I følgje sjølvbiografien til Clapton så var ikkje innspelingane meint å bli eit album. Bandet hadde leigd eit studio, men Clapton hadde ikkje skrive nokre songar enno, så han foreslo dei spelte inn Robert Johnson-songar. Dei spelte inn nok songar for eit heilt album, og valde å gje dei ut slik.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Robert Johnson
Remove ads
Medverkande
- Eric Clapton - gitar, slidegitar, vokal
- Andy Fairweather-Low - gitar
- Doyle Bramhall II - gitar, slidegitar
- Jerry Portnoy - munnspel
- Billy Preston - klaverinstrument
- Nathan East - bass
- Steve Gadd - trommer
- Pino Palladino - bass på «Traveling Riverside Blues»
- Jim Keltner - trommer på «Traveling Riverside Blues»
Salslister og salstrofé
Remove ads
Sessions for Robert J
Seint i 2004 vart eit tilknytt prosjekt, Sessions for Robert J, gjeven ut på CD og DVD. Det inneheld Clapton og bandet som spelar andre versjonar av songane på Me and Mr. Johnson, i tillegg til andre som ikkje finst på albumet, som «From Four 'Til Late», «Terraplane Blues», «Ramblin' on my Mind», «Sweet Home Chicago» og «Stones in my Passway». Fleire av songane er spelt i ein duett med Clapton på akustisk gitar og Doyle Bramhall II på akustisk og dobro-gitarar. Mellom innspelingane diskuterer Clapton kor stor innverknad Johnson hadde på han og andre musikarar.
Albumet nådde 14. plass på VG-lista i Noreg.
Innhald
Alle spor skrivne av Robert Johnson
Salslister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads