Rock and a Hard Place
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Rock and a Hard Place» er ein song av the Rolling Stones frå albumet deira Steel Wheels frå 1989. Han var den andre singelen frå albumet og er den siste singelen som nådde Topp 40 på Billboard-lista i USA.
Songen er tilskriven Mick Jagger og Keith Richards og vart spelt inn i Air Studios på Monserrat og i Olympic Studios i London våren 1989. I plateomslaget til samleplata Jump Back frå 1993 sa Richards at songen vart skriven slik dei gjorde det i dei tidlege åra då dei budde nær kvarandre. Dei møttest på ferie på Barbados med eit par gitarar og eit piano og starta å skrive songar i lag.
With Jagger song solovokal, Richards Ron Wood og Jagger speler gitar, medan Bill Wyman og Charlie Watts spelar bass og trommer. Matt Clifford og Chuck Leavell spelte keyboard, medan The Kick Horns hadde blåsarar. På korvokal var Lisa Fischer, Sarah Dash og Bernard Fowler.
Remove ads
«Rock and a Hard Place» vart gjeven ut som den andre singelen frå Steel Wheels den 13. november 1989. B-sida var ein sakte blues-song kalla «Cook Cook Blues». Singelen nådde 63. plass i Storbritannia og 23. plass i USA. Songen har vorte spelt sporadisk på turnane deira sidan, og eit konsertopptak vart gjeven ut på Flashpoint i 1991.
Salslister
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads