Roer

From Wikipedia, the free encyclopedia

Roer
Remove ads

Roer eller Rur (på tysk, ikkje den same som Ruhr) er ei elv i Belgia, Tyskland og Nederland. Ho er ei av sideelvene til Maas frå høgre, og om lag 90 % av renn gjennom Tyskland.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Remove ads

Geografi

Rur har utspring i Hautes Fagnes/Hohes Venn nasjonalpark, nær den 696 meter høge Signal de Botrange i Belgia. Sør for Monschau renn elva inn i Tyskland, gjennom Nordrhein-Westfalen. Ho renn først gjennom dei nordlege områda av Eifel-åsane.

Etter 39 km når ho Rurstausee, den nest største kunstige innsjøen i Tyskland. Etter om lag 160 km kryssar ho grensa til Nederland, og 10 km inn i landet munnar ho ut i Maas ved byen Roermond.

Større sideelvar til Rur er Inde og Wurm. Landsbyar langs Rur er Monschau, Düren, Jülich, Heinsberg (alle i Tyskland) og Roermond (Nederland).

Remove ads

Sideelvar

Thumb
Kart over Rur
  • Ellebach
  • Inde
  • Kall
  • Malefinkbach
  • Merzbach
  • Wurm
  • Olef
  • Urft

Historie

Frå 1795 til 1815, då Belgia, Nederland og delar av Tyskland var ein del av Frankrike, var det eit département kalla opp etter elva, departementet Roer.

Rur representerte ein viktig front då dei Allierte pressa seg mot Tyskland mot slutten av Den andre verdskrigen. Mellom 16. desember 1944 og 23. februar 1945 kunne ikkje amerikanarane krysse elva fordi tyske styrkar kontrollerte demningar nær kjelda til elva i det tette skogområdet Hohes Venn. Dette gjorde at tyskarane kunne sprenge demninga slik at all vatnet skylde bort dei allierte. Samtidig tydde Ardennaroffensiven at dei allierte ikkje kunne gå vidare austover fordi styrkane då ville verte for spreidde, og forsyningslinjene meir utsett for tyske angrep. Då motoffensiven vart for stor gav tyske ingeniørar etter og sprengde demningane. Då flaumvatnet trekte seg tilbake kryssa allierte styrkar Rur i flåtar i morgontimane 23. februar 1945, som ein del av Operasjon Grenade.

På 1960- og 1970-talet blei norddelen av elva sterkt ureina frå fleire tyske kolgruver. Fisk og andre organismar forsvann frå Roer, og ho blei farleg å symja i. Delar av Roermond blei jamleg overfløymde av skumflak. Etter at gruvene blei stengde blei behandlinga av ureina vatn i Tyskland og Nederland mykje betra. Berre den nedre delen av elva er framleis ureina.[1] Den øvre delen av elva er så rein at aure og over 30 andre fiskeartar er tilbake. Etter å ha forsvunne i 125 år kom laks tilbake til Roer i 2004.

Thumb
Rur nær Hücklehoven

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads