Roger Strøm
norsk skeiseløpar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Roger Strøm (fødd 28. juli 1966) er ein tidlegare skeiseløpar frå Sandefjord som utmerkte seg på sprintdistansane. Han vart andremann i sprint-VM 1997.
Aktiv
Strøm deltok internasjonalt frå 1989 til 1999 og var i denne perioden jamnt over Noregs beste i sprinttevlingane. Under Vinter-OL 1994 på Hamar vart han nummer 7 på 1000 meter, etter han fall på 500 m. I 1996 kom han på tredjeplass på 500 meter ved VM i enkeltdistansar, året etter vart han andremann på same distansen i VM enkeltdistansar. Under verdsmeisterskapen i sprint 1997 på Hamar kom han på andreplass samanlagt, drygt 0,2 tidspoeng bakom verdsmeister Sergej Klevtsjenja.
Strøm vann 15 gullmedaljar i norske meisterskap. Åra 1990-98 vart han norsk sprintmeister sju gongar, i tillegg tok han seks gongar gullmedaljen på 500 meter og to gongar på 1000 meter. Han forbetra den norske rekorden på 500 meter ved tre høve og på 1000 m ved to høve.
Strøms livsbeste noteringar på 500 meter og 1000 meter lyder på høvesvis 35,98 sekund og 1.08,41, begge oppnådd i Calgary og i sesongane 1998 og 1999.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Roger Strøm» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads