Roland Nilsson

svensk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Roland Nilsson
Remove ads

Roland Nilsson (fødd 27. november 1963 i Helsingborg) er ein tidlegare svensk fotballspelar som er fotballtrenar for det svenske U-21 landslaget (2020). På bana var han høgreback. Han fekk til saman 116 landskampar som spelar.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fødd ...
Remove ads

Klubbspel

Nilsson byrja si seniorkarriere for heimklubben Helsingborg hvor han spelte i to år før han melde overgang til IFK Göteborg i 1983. Denne perioden var klubbens storhetsperiode, og klubben deltok i store turneringar, der dei mellom anna vann UEFA-cupen i 1982 og i 1987. Etter å ha spelt 120 kampar og vunne ein europacupmedalje og tre seriemeisterskap melde han i desember overgang til engelske Sheffield Wednesday under manager Ron Atkinson, i det som skulle bli eit av tre opphold i engelsk klubbfotball.

Hans fyrste sesong med klubben endte med nedrykk frå den øvste divisjonen, men Nilsson valde å bli i klubben og vart ein favoritt blant klubbtilhengjarane med spelet sitt i åra som følgde. Mellom anna var han ein sterk bidragsytar til at klubben vann den engelsk ligacupen i 1991 og at klubben nådde både FA-cup og ligacupfinalar i 1993. I tillegg til dette at klubben spelte i europacupkampar for fyrste gong på 30 år. I januar 1994 offentliggjorde Nilsson at ville vende heim til Sverige, men vart overtalt av manageren Trevor Francis om å bli i klubben til vårsesongen var over. Etter å ha spilt over 150 kampar for Sheffield Wednesday dro han tilbake til Helsingborgs IF, der han spelte i tre sesongar utan å vinne noko anna enn andreplassar i Allsvenskan og i cupen. Han vart for øvrig årets spelar i Sverige i 1996. I 1997 dro han igjen til England, men denne gong til Coventry City under manager Ron Atkinson, som òg hadde kjøpt til Sheffield Wednesday i 1989. På tross av at han var 33 år var han likevel ikkje av dei eldste spelarane i klubben med spelarar som Steve Ogrizovic og Kevin Richardson seint i 30-åra og Gordon Strachan som var 40 år. I denne perioden sleit klubben sportsleg men fekk likevel speletid av både Atkinson og den nye manageren Strachan. I 1999 vende han tilbake til Helsingborg hvor han var i to sesongar utan å få nevneverdig speletid.

Remove ads

Landslagsspel

Nilsson gjorde landslagsdebuten sin mot Hellas i mai 1986. Den fyrste internasjonale turneringa hans var Sommar-OL 1988 i Seoul. Han deltok òg i VM i fotball 1990 som vart arrangert i Italia. I dette meisterskapet tapte laget alle dei innleiande gruppekampane mot høvesvis Brasil, Costa Rica og Skottland. Sverige gjorde det likevel betre under europameisterskapet i fotball 1992 arrangert på heimebane, da landslaget spelte seg til ein plass i semifinalen som dei tapte mot Tyskland. Nilsson spilte for øvrig i alle kampane til Sverige i desse meisterskapane. Han spelte òg alle kampane under VM i fotball 1994 som vart arrangert i USA, då Sverige endte opp med ein bronsemedalje etter å ha vunne bronsekampen mot Bulgaria. Nilssons siste meisterskap var Europameisterskapen i fotball 2000, der han berre spelte ein halv omgang mot Belgia. Han spelte sin siste landskamp mot Slovakia den 11. oktober 2000.

I ein periode hadde han nest flest landskampar for herrelandslaget, berre slått av Thomas Ravelli.

Remove ads

Merittar

  • Svensk seriemeister: 1983, 1984 og 1987 med IFK Göteborg og 1999 med Helsingborg
  • UEFA-cup vinnar: 1987 med IFK Göteborg
  • Engelsk ligacupvinnar: 1991 med Sheffield Wednesday
  • Bronsemedalje: med Sverige i VM i 1994.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads