Trevor Francis
britisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Trevor John Francis (19. april 1954–24. juli 2023) var ein engelsk fotballspelar frå Plymouth. Angrepsspelaren varr særleg kjend for sin mange sesongar med Birmingham City og sine triumfar med Nottingham Forest. Han var med å vinne Europacupen i fotball både i 1979 og 1980.
Remove ads
Karriere
Klubbspel
Francis slo gjennom med andredivisjonslaget Birmingham City då han var 16 år gammal. I 1972 var han sterkt delaktig då klubben rykte opp i toppdivisjonen. I februar 1979 vart han overført til topplaget Nottingham Forest mot 1,15 millionar pund, den gongen det klart største vederlaget for ein britisk spelar. Den 30. mai 1979 vart han matchvinnar då han i finalen i europacupen i München skåra kampens einaste mål. Året etter ytte han sitt til at Nottingham Forest forsvarte europacuptriumfen, ein skade gjorde at han måtte sjå finalen frå sidelinja.
Frå hausten 1981 til han la opp ved utgangen 1993 var Francis innom sju ulike klubbar. Flest kampar fekk han med italienske Sampdoria, der han vart cupmeister i 1985, og med Sheffield Wednesday, sin siste klubb. I ein sesong med Rangers FC i skotsk klubbfotball vart han ligacupvinnar.
Landslagsspel
Francis deltok i 52 landskampar frå debuten i februar 1977 til avskjeden i april 1986. I desse kampane skåra han 12 mål. Han spelte alle fem kampane til England under VM i fotball 1982 og skåra to av dei seks måla til England i turneringa.
Merittar
- Vinnar av Europacupen: 1979 og 1980 med Nottingham Forest
- Italiensk cupmeister: 1985 med Sampdoria
- Vinnar av den skotske ligacupen: 1987 med Rangers FC
- Vinnar av den engelske ligacupen: 1991 med Sheffield Wednesday
- Finalist i den engelske ligacupen: 1980 med Nottingham Forest
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Trevor Francis» frå Wikipedia på tysk, den 24. oktober 2019.
- eu-football
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads