Rolf Holmberg
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rolf Johan Aas Holmberg (24. august 1914–5. juli 1979) var ein fotballspelar frå Skien som i 1936 vann bronsemedalje med Noregs landslag under Sommar-OL 1936 i Berlin. Han var «en kondisjonssterk og arbeidsvillig winghalf», aktiv i Odds Ballklubb åra 1933–39.
Remove ads
Karriere
Klubbspel
Holmberg kom med i Odd-laget i 1933. Fire år seinare var han med då Odd i Porsgrunn tapte cupfinalen mot Mjøndalen IF med 2–4. Etter verdskrigen spelte Holmberg ein sesong i Moss FK før han vende tilbake til Odd. Ein skade førte til at han la opp i 1946. Seinare var han styreformann i Odd.
Landslagsspel
Holmberg debuterte på landslaget 26. juli 1936 i Stockholm, og spelte alle fire kampane til bronselaget under sommareleikane 1936 i Berlin. Han deltok også i VM i fotball 1938 i Frankrike, der Noreg vart slått ut i fyrste runde av dei komande verdsmeistrane frå Italia. Holmberg spelte 25 landskampar i rad, dei aller fleste som venstrehalf. Den 26. og siste landskampen kom i Helsinki den 3. september 1939, to dagar etter Nazi-Tyskland starta 2. verdskrigen med å invadere Polen.
Merittar
- Bronsemedalje i OL: 1936 for Noreg
- Finaletap i noregsmeisterskapen: 1937 med Odd
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Rolf Holmberg» frå Wikipedia på bokmål, den 19. oktober 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads