Ronnie Milsap
amerikansk songar og musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ronnie Lee Milsap (fødd 16. januar 1943) er ein USA-amerikansk countrysongar og pianist. Han var ein av dei mest populære og innverknadsrike countryartistane i 1970- og 1980-åra. Han vart ein av dei første suksessrike blinde songarane i country, og ein av dei mest suksessrike og allsidige «crossover»-artistane i si tid, med hittar både i country- og popmarknaden. Dei største hittane hans er «It Was Almost Like a Song», «Smoky Mountain Rain», «(There's) No Gettin' Over Me», «I Wouldn't Have Missed It for the World», «Any Day Now» og «Stranger in My House». Han har vunne seks Grammyprisar og har hatt førti hittar på toppen av countrylista, tredje mest etter George Strait og Conway Twitty. Han vart innlemma i Country Music Hall of Fame i 2014.[1][2]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads