Rosetta av Vangelis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Rosetta er eit studioalbum av den greske komponisten og musikaren Vangelis, gjeve ut den 23. september 2016 av Decca Records. Det er dedisert til romsonden «Rosetta», som vart send opp i verdsrommet i 2004.[1]

Meir informasjon Vangelis-kronologi ...
Remove ads

Oversyn

Prosjektet er eit resultat av ein videokonferanse frå 2014 mellom ESA-astronauten André Kuipers og Vangelis, medan Kuipers var ombord på International Space Station. Etter samtalen deira vart Vangelis inspirert til å skrive eit album dedisert til romsonden Rosetta.[2][3] I november 2014 vart tre videoar med tre komposisjonar gjevne ut på den offisielle YouTube-kanelen for å feire det første forsøket på å lande på ein komet. Desse tre var «Arrival», «Philae's Journey» og «Rosetta's Waltz».[4][5]

Det er eit av fleire verk av Vangelis som var inspirert av romreiser (Albedo 0.39), eller produsert i samarbeid med romoppdrag (Mythodea).[6]

Vangelis dediserte albumet til alle som hadde gjort Rosetta-oppdraget mogeleg hos ESA, og «Rosetta's Waltz» var særleg dedisert til arbeidsgruppa.[7]

Carl Walker frå ESA sa: «Då me sette bileta frå sonden i lag med musikken, tenkte med at dette fanga korleis folk ville ha kjent det om dei hadde sett kometen så nær på verkeleg. Med musikk kan du skape kjensler og skape minne: Eg trur at det Vangelis ønskte å gjere her var å dele eit varig minne av Rosetta gjennom musikken sin».[2]

Remove ads

Utgjeving

Albumet er tilgjengeleg for digital nedlasting, strøyming, CD,[1] og vinyl.[8]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Lister

Meir informasjon Liste (2016), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads