Rosh Pinna
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rosh Pinna er ein by (lokal kommune) med 2 800 innbyggjarar i øvre Galilea i Nord distrikt i Israel. Byen vart grunnlagd i 1882 av 30 familiar som emigrerte frå Romania. Det er derfor ein av dei eldste sionist-busetnadane i Israel.
Remove ads
Geografi
Rosh Pinna ligg nord for Genesaretsjøen, kring 2 km aust for byen Safed, 420 meter over havet. Nord for Rosh Pinna ligg Hulasjøen, som var eit myrområde som vart drenert i 1950-åra.
Historie
Rosh Pinna (hebraisk ראש פנה) var ein av dei første moderne jødiske jordbruksbusetnadane i Israel, som då var ein del av det tyrkiske Osmanske riket. Rosh Pinna vart grunnlagd nær den arabiske landsbyen al-Ja'una. I 1883 vart han den første jødiske busetnaden i Israel som fekk støtte av baron Edmond James de Rothschild.[treng kjelde]
Gei Oni vart grunnlagd i 1878 av jødar frå Safed. Somme av dei var etterkommarar etter spanske jødar i eksil i 1492. Dei fleste av dei første familiane reiste der i frå etter tre år med tørke, men tre familiar vart verande att: Keller, Friedman og Schwartz.[3] Eit år seinare, i 1882, kom ei gruppe rumenske jødar leia av David Shub til landsbyen, og han fekk namnet Rosh Pinna, etter Salme 118:22: «Steinen som bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein.» Hjørnestein er rosh pinna på hebraisk.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads