Rottumeroog
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rottumeroog (eller Rottum) er ein av tre øyar som utgjer øygruppa Rottum i Dei vestfrisiske øyane i Nederland. Øyane ligg like utanfor kysten i Vadehavet sør i Nordsjøen. Øya er kalla opp etter landsbyen Rottum i provinsen Groningen.
Øya er ikkje busett og det er vanlegvis ikkje lov å gå i land på øya. Berre eit par gonger kvart år er øya open for ålmenta.
På grunn av havstraumane i området flyttar Rottumeroog seg gradvis og vil truleg ein gong forsvinne i estuaret til Ems.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Rottumeroog» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads