Roumieh
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Roumieh er ein landsby nordaust for Beirut i Libanon. Han er omgjeve av furukledde åsar og ligg 5-10 minuttars køyretur frå kysten. Roumieh er kjend som ein behageleg, vakker fjellandsby med mange hagar.
I tillegg til furuskogar vert det dyrka vindruer, fiken, oliven og timian. Landsbyen er kjend for produksjonen av Arak.
Landsbyen består hovudsakleg av maronittiske katolikkar og gresk-katolikkar, men òg gresk-ortodokse og armensk-ortodokse. Han har kring 5000 innbyggjarar.
«Roumieh» kjem frå arameisk, som tyder «åsar» refererer til det lokale terrenget.
Remove ads
Historie
Landsbyen vart grunnlagd kring 1500, men det var først på 1900-talet han byrja å vekse. Med ein diaspora i vesten og Latin-Amerika vart landsbyen velståande samanlikna med liknande landsbyar, og innbyggjarane vart i aukande grad utdanna.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads