Roustabout
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Roustabout er det 21. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records i mono og stereo, LPM/LSP 2999, i oktober 1964. Det inneheldt filmmusikken til filmen med same namn. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood den 2. og 3. mars og 29. april 1964. Det nådde toppen av Billboard Top LP's-lista.[2] Det selde til gullplate 20. mai 1988 av Recording Industry Association of America.[3] Albumet vart det siste filmmusikkalbumet som nådde toppen av lista og det siste albumet generelt som nådde toppen før Aloha From Hawaii: Via Satellite i 1973.[2]
Remove ads
Innhald
Presley fekk betalt mellom 225 000 til 1 000 000 dollar på førehand av kvar film han deltok i, ofte halve budsjettet til produksjonen. I tillegg fekk han halvparten av inntektene frå filmane.[4] Desse filmane vart stundom filma på under tre veker, og all musikk til filmen og albumet tok sjeldan meir enn to veker.[4] Det var ansvaret til Freddy Bienstock, assistenten til manageren til Presley, Colonel Tom Parker, å sikre at songane passa inn i inntektslikninga og utgjevingane vart kontrollerte av Elvis Presley Music eller Gladys Music, som var Hill and Range Publishing-selskap som Presley og Parker eigde. På grunn av dette mista suksessrike låtskrivarar som Doc Pomus og Mort Shuman, Otis Blackwell og Winfield Scott, og Don Robertson interessa i å skrive songar for Presley.[4] Det var samverkande marknadsføring, og ein tilsett i MGM sa at filmane «ikkje trengde titlar. Me kunne ha gjeve dei nummer. Dei ville likevel ha selt bra».[4]
Blackwell og Scott skreiv faktisk ein kandidat til tittelsporet, «I'm a Roustabout» som vart spelt inn 3. mars, men fann ut at songen vart byta ut med ein song frå andre låtskrivarar.[5] Denne innspelinga vart etter kvart gjeven ut av RCA på samlealbumet 2nd to None i 2003.[6]
Presley og klikken hans som bestod av dei beste studiomusikarane pløydde seg gjennom alt dette, og spelte inn elleve songar som resulterte i 25 minuttar med musikk på albumet. Fire av sognane frå dette albumet kom seinare ut på samlealbumet The Essential 60s Masters II i 1995: «Roustabout», «Little Egypt», «Poison Ivy League» og «There's a Brand New Day on the Horizon».[7]
Remove ads
Medverkande
- Elvis Presley – vokal
- The Jordanaires – korvokal
- The Mello Men – korvokal (på «Roustabout»)
- Boots Randolph – saksofon
- Scotty Moore, Billy Strange – elektrisk gitar
- Tiny Timbrell – akustisk gitar
- Floyd Cramer, Dudley Brooks – piano
- Bob Moore, Ray Siegel – kontrabass
- D.J. Fontana, Buddy Harman, Hal Blaine – trommer
Innhald
Plassering
Album
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads