Dudley Brooks
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dudley Brooks (22. desember 1913–17. juli 1989) var ein USA-amerikansk jazz-pianist, arrangør og komponist.
Medan Brooks hadde kontrakt med Paramount Studios, spelte han mykje som studiomusikar i studioet Radio Recorders i Los Angeles.[1] I mange år var Radio Recorders eit av dei mest kjende studioa i landet og artistar som Charlie Parker, Louis Armstrong og Elvis Presley spelte inn musikk her.[2] Presley hadde òg kontrakt med Paramount Studios der han filma filmar som Girls! Girls! Girls! og Blue Hawaii.[3] For å sikre at innspelingane og filmane til Presley vart ferdig i tide, henta Paramount ofte inn studiomusikarar til Radio Recorders. Brooks utvikla derfor eit profesjonelt forhold med Presley som varte fleire tiår. I lag samarbeidde dei på mange album og filmar, som:[1]
- A Date with Elvis
- Blue Hawaii
- Elvis for Everyone
- Elvis' Gold Records Volume 4
- Elvis Sings Flaming Star
- Elvis' Christmas Album
- Fun in Acapulco
- G.I. Blues
- Girls! Girls! Girls!
- It Happened at the World's Fair
- Kid Galahad (filmmusikk)
- Jailhouse Rock
- Let's Be Friends
- Loving You av Elvis Presley
- Peace in the Valley
- Pot Luck
- Roustabout
- Something for Everybody
- Viva Las Vegas (filmmusikk)
- Wild in the Country (filmmusikk)
Brooks var ein av få afroamerikanarar som arbeidde med Presley og er blitt nytta som motargument mot at Presley var rasist.[4]
Brooks skreiv òg fleire songar, ofte i samarbeid med andre låtskrivarar. Blant dei mest kjende songane hans er julesongen «(Everybody's Waitin' For) The Man with the Bag». Denne vart gjort populær av Kay Starr i 1950 og er blitt spelt av mange artistar, som Brian Setzer Orchestra og Vonda Shepard.[5][6][7]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads