Rovde

tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Rovde
Remove ads

Rovde er ein kyrkjestad og tidlegare sjølvstendig kommune i Møre og Romsdal fylke. I 1837 var Rovde del av Herøy formannskapsdistrikt.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

1. januar 1905 vart Rovde skild ut frå Sande som eigen kommune med 610 innbyggarar.[1] Sande var allereie 1. januar 1867 skild ut frå Herøy som eigen kommune.[2]

1. januar 1964 vart Rovde kommune delt, og den delen av kommunen som låg på Gurskøya, saman med gardane Brekke, Seljeset og Skoge i Gurskedalen i Herøy kommune, og dåverande Sande kommune, vart slått saman til den nye Sande kommune. Den delen av Rovde som gjekk inn i Sande, hadde 562 innbyggarar.[3]

Frå same dato vart Rovdestranda med 436 innbyggarar slått saman med Syvde og Vanylven kommunar til den nye Vanylven kommune.[3]

Riksveg 652 går gjennom Rovdestranda.

Rovde kyrkje er frå 1872.

Remove ads

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for gamle Rovde kommune frå 1905 til 1964:

Meir informasjon 1.1.1905, 1.12.1920 ...

Sjå også

Ordførarar i Rovde

Næringsliv

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads