Sande kommune i Møre og Romsdal
kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sande er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord og aust mot Herøy, i sør (over fjorden) mot Vanylven og over Vanylvsgapet i sørvest mot Stad kommune.
Lokalavisa for Sande er Vestlandsnytt, medan Sunnmørsposten er regionavis.
Remove ads
Tusenårsstad
Tusenårsstaden til Sande kommune er friluftsområdet «Kongsvollen» på Sandsøya. Her finn «Spelet om kong Arthur» stad. Spelet var kommunen sitt tusenårsprosjekt, og er eit humoristisk sogespel om Kong Arthur som kom til øya Doll, eit tidlegare namn på Sandsøya. Sogespelet har vorte eit viktig kulturarrangement for kommunen, og har vorte vist kvar sommar med stor suksess.
Kjende folk frå Sande kommune
- Bernt Støylen (1858–1937), salmediktar og teolog
- Olaf Storegjerde (1879-1958), fotograf
- Bjartmar Gjerde (1931–2009), politikar (Arbeidarpartiet), kringkastingssjef (NRK) 1981-1989
- Odd Lovoll (1934-), norsk-amerikansk historikar og professor ved St. Olaf College, Minnesota, USA
- Jan Åge Fjørtoft (1967– ), landslagsspelar i fotball, klubbtrenar i Tippeligaen og kommentator på NRK og TV3
- Magnus Myklebust (1985– ), fotballspelar i LSK og på ungdomslandslaget
Remove ads
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads