Rubin

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rubin
Remove ads

Rubin er ein raud varietet av mineralet korund. Fargen kjem av små mengder av krom. Klåre rubinar høyrer til dei venaste, mest sjeldne og kostbare edelsteinane. Dei blir vanlegvis slipte med fasettar. Mindre klåre steinar blir gjerne slipt som cabochon. Såkalla stjernerubin viser ei rørleg 6-takka stjerne på yta, ein effekt kalla asterisme.

Kjappe fakta Generelt, Kategori ...

Rubinar har vore høgt skatta heilt sidan antikken og har vore gjenstand for overtru, mytar og segner. Dei beste, dueblodsraude rubinane kjem frå Mogok-distriktet i Myanmar, medan rubinar frå Sri Lanka, Thailand og India kan ha meir variable og ureine fargar. Rubinar frå Froland i Aust-Agder kan til dels ha god farge, men er for uklåre til å ha nokon stor verdi som edelstein.

Rubinar kan òg framstillast syntetisk.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads