Korund

From Wikipedia, the free encyclopedia

Korund
Remove ads

Korund (engelsk corundum) er ei krystallisk form av aluminiumoksid (Al2O3) med spor av jern, titan og krom.[1] Det er eit bergart-dannande mineral. Korund er eit av dei minerala som naturleg gjennomsiktige transparente material, men det kan ha ulike fargar når ureiningar er til stades i krystallen. Transparente eksemplar er nytta som smykkestein blir kalla rubin dersom den er raud, medan alle andre fargar blir kalla safir. Både rubin og safir blir rekna som edelsteinar.

Kjappe fakta Generelt, Kategori ...
Thumb
Korund

Ordet «korund» kjem frå det tamilske ordet kuruntam (குருந்தம்) som tyder 'rubin. Dette igjen kjem frå sanskrit kuruvinda.[3]

Rein korund er definert til å 9.0 på Mohs hardleikskala. Av di korund er så hardt kan det lage riper i nesten alle andre mineral. Det er vanleg nytta som abrasiv på mange ting frå sandpapir til store maskinar til å maskinere metall, plast og tre. Nokre smergel er ei blanding av korund and andre stoff. Denne blandinga er mindre abrasiv med ein gjennomsnittleg hardleik på om lag 8,0.

I tillegg til at korund er eit hardt mineral, er korund òg uvanleg på grunn av sin høge tettleik på 4.02 g/cm3, noko som er særs høgt for eit transparent material med atom av aluminium og oksygen som er lette grunnstoff med låg atommasse.[5]

Ein fiolblå korund vert kalla orientalsk ametyst.

Remove ads

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads