Rugde
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rugde (Scolopax rusticola) er ein fugl i snipefamilien. Rugde vert brukt som mat og det vert drive jakt på fuglen.
Remove ads
Global utbreiing
Rugda hekkar i Europa frå nordlege delar av Spania og nordover til nordlege delar av Skandinavia og austover i Russland i eit smalnande belte til Japan. Sør for dette beltet finst bestandar i Kina og nordlege delar av India. I Europa er Finland det viktigaste hekkeområdet for rugde vest for Russland.
Norsk utbreiing
Rugda held til i skogområder nord til polarsirkelen. Lenger nord finst fuglen meir spreidd. Ungfugl kan ein treffe på i høgfjellet og elles mest i fuktig skogsterreng. Ein finn den ofte i typisk jerpeterreng.
Kjenneteikn
Rugda har ein varmbrun farge med svarte tverrstriper i nakken. Kjønna er like og dei er korte og butte i fasongen. Vekta er 250-400 gram og lenga er 40 cm. Den eldste som er ringmerka vart 8 år og 5 mnd.[1]

Levesett og føde
Rugde finn mat i jorda, hovudsakleg meitemark men også insekt, larvar, blautdyr og frø.

Hekking
Rugdehoa får 4 egg, som ho ruger ut i løpet av 21–24 dagar. Det er også hoa som passar på kyllingane. Rugda har ofte 2 kull om året.
Trekktilhøve
Rugda flyg ut av Noreg i oktober-desember. Vinterkvartera for dei norske rugdene ligg på dei britiske øyane og i Frankrike. På hausttrekket kan rugdene stoppe opp på Vestlandet medan dei ventar på å krysse Nordsjøen. I slike periodar kan rugda vere særleg talrik i dette området. Kor langt sør rugda flyg om vinteren kjem an på vêret og temperaturen. I milde vintrar kan enkeltindivid overvintre nord til polarsirkelen. Rugda kjem attende til hekkeplassane i Sør-Noreg i mars-april, medan fuglar som hekkar lengre nord i landet ikkje kjem før i mai.
Remove ads
Kjelder
- Norsk Fugleatlas, 1994.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads