S-chanf
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
S-chanf (tysk Scanfs; italiensk Scanevo) er ein kommune i distriktet Maloja i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 712 innbyggjarar (2010) og eit areal på 138 km². Kommunesenteret ligg 1660 meter over havet.
Ved folketeljinga i 2000 gav nesten 52% av innbyggarane opp retoromansk som deira daglege talemål. Tilbakegangen for retoromansk har vore stor dei seinare tiåra, medan tysk vert talemål for stendig fleire, over 37% i 2000. I 1980 var oppslutninga om det to talemåla 74% retoromansk mot 16% tysk.
Kommunen ligg i Oberengadin kreis ved elva Inn og utløpet til Casannapasset. Han består av gatelandsbyen S-chanf med busetnadane Cinuos-chel og Susauna. Susauna ligg langs vegen til Scalettapasset, ei historisk internasjonal handelsrute.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «S-chanf» frå Wikipedia på tysk, den 24. oktober 2011 og «S-chanf» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
- http://www.s-chanf.ch
- S-chanf på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads