Sa'ir
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sa'ir (arabisk سعير, òg skrive Saeer)[1] er ein palestinsk by i Hebron guvernement sør på Vestbreidda, 8 km nordaust for Hebron. I nærleiken ligg Beit Fajjar og al-Arroub i nord, Beit Ummar i nordvest, Halhul i vest og Beit Einun og ash-Shuyukh i sør. Daudehavet ligg like aust for kommunegrensa til Sa'ir.[2] I 2007 hadde byen i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå eit folketal på over 18 045.[3]
Remove ads
Historie
Under Romarriket vart byen kalla Sior, som kjem frå det arameiske ordet sar eller «høgd»[2] Det er gjort funn av bysantinsk keramikk.[4] Palestine Exploration Fund skreiv i Survey of Western Palestine (SWP) at: «Grava til El 'Ais (Esau), sør for landsbyen, ere it kammer som er 37x20 fot, med ein Mihrab på sørveggen. Det er hengd opp eit strutse-egg i nærleiken. Det ligg òg gravholer sørvest for denne staden.»[5]
Osmansk tid
I 1596 stod Sa'ir oppført i osmanske skattelister som ein del av Halil nahiya i Quds Liwa. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad på 72 hushaldningar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og/eller bikubar.[6]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1860-åra, og estimerte at han hadde kring 400 innbyggjarar.[7] SWP skildra Sa'ir i 1883 som «ein mellomstor landsby, i ein dal omgjeve av oppdyrka mark.» Dei lokal muslimane meinte at ein maqam («grava til ein heilag person») i Sa'ir var grava til Esau, som dei kalla «Aisa.» SWP meinte at dette var feil og at grava til Esau var på det bibelske fjellet Seir.[8][9][10]
Det britiske mandatet era
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Sa'ir eit folketal på 1 477, alle muslimar.[11] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Si'ir 1 967, framleis berre muslimar, i 388 busette hus.[12] I 1945 var folketalet i Si'ir 2 710, alle arabarar, som eigde 92 423 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[13] 2 483 mål var plantasjar og irrigert land, 10 671 for korn,[14] medan 76 mål var utbygd (urbant) land.[15]
Etter 1948
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, Sa'ir under Jordan sitt styre.
Etter Osloavtalen i 1993 hamna Sa'ir i «Område B» som gav Den palestinske sjølvstyresmakta (PNA) kontroll over sivile saker i byen, medan Israel heldt kontroll over tryggleiken.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads