Sadr

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sadr
Remove ads

Sadr eller Gamma Cygni (γ Cyg, γ Cygni) er ei stjerne nord i stjernebiletet Svana, som dannar krysset i asterismen av dei fem stjernene kalla Nordkrossen.

Kjappe fakta Observasjonsdata Epoke J2000 Ekvinoks J2000, Karakteristikk ...

Sadr har ein tilsynelatande storleiksklasse på 2,23,[3] og er av dei meir lyssterke stjernene på nattehimmelen. Parallaksemålingar har gjeve eit estimat på avstanden til stjerna på 1800 lysår (560 parsec), med ein feilmargin på 15 %.[1] Spektralklassen til stjerna er F8 Iab, som indikerer at ho er ei superkjempe. Sidan 1943 har spekteret til denne stjerna vore eit stabilt ankerpunkt som andre stjerner vert klassifisert etter.[8]

Thumb
IC1318 og naboområdet. Bilete av Erik Larsen.

Samanlikna med sola er dette ei enorm stjerne som er 12 gonger solmassen og kring 150 gonger solradien.[5] Ho stråler meir enn 33 000 gonger så mykje energi som sola med ein effektiv temperatur på 6 100 K i den ytre envelopen.[5] Temperaturen gjev stjerna ein gulkvit farge som gjer ho til ei klasse F-stjerne. Massive stjerner som denne brenn kjernebrenselet raskare enn sola, så den estimerte alderen er berre kring 12 millionar år.[6]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads