Sailing av Sutherland Brothers

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Sailing» er ein song skriven av Gavin Sutherland frå Sutherland Brothers i 1972, men mest kjend som ein internasjonal hit for Rod Stewart i 1975.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Originalinnspelinga

Gavin Sutherland sa: «Folk flest trur songen handlar om ein ung mann som fortel jenta si at han kryssar Atlanteren for å vere med ho. Faktisk har songen ingenting med kjærleik eller skip å gjere. Det er ei soge om mennesket si andelege reise gjennom livet på veg mot fridom og oppfylling med Gud.» [1]

Songen vart skriven på stranda ved Blythe Bridge,[2] og vart spelt inn av Sutherland Brothers – ein duo som bestod av Gavin og Iain Sutherland – i juni 1972. Gavin spelte basstromme og Iain pumpeorgel og dei song begge vokal.[1] Songen kom ut på singel og nådde 54. plassen i Storbritannia i juli 1972.[1] Songen kom så ut på den amerikanske utgåva av albumet Lifeboat i november 1972, men ikkje på den britiske.[1][3]

Remove ads

Rod Stewart-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

«Sailing» vart spelt inn av Rod Stewart for det første albumet han spelte inn i Nord-Amerika, Atlantic Crossing. Albumet vart spelt inn i april - juni 1975 i Muscle Shoals Sound Studio med produsenten Tom Dowd. Songen var den første singelen frå albumet og vart ein stor hit. I Storbritannia låg han fire veker på toppen av singgellista i september 1975. Singelen gjekk òg inn på lista att i 1976 og i 1987 og er den største suksessen Stewart hadde i heimlandet. «Sailing» selde derimot ikkje like mykje i USA. «Sailing» gjekk òg til topps i Irland, Nederland og Noreg, nådde andreplassen i Australia, Flandern i Belgia, Sør-Afrika og Sveits, tredjeplassen i New Zealand, fjerdeplassen i Tyskland, sjuandeplassen i Austerrike og 13. plassen i Sverige. I Noreg låg songen heile 18 veker samanhengande på førsteplassen og 29 veker totalt på Topp 10.[5]

Den første musikkvideoen til «Sailing» vart filma i Port of Dublin med Stewart og kjærasten Britt Ekland. Videoen vart send på Top of the Pops 28. august 1975. Ein annan musikkvideo vart filma i New York Harbor i 1978 og vart ein av dei førte musikkvideoane som vart sende på MTV den 1. august 1981.[6]

Då den britiske styrken segla ut frå Portsmouth Harbour den 5. april 1982 på den tredje dagen av Falklandskrigen, så vart Rod Stewart sin «Sailing» send over høgtalaranlegget på kaien.[7][8]

I 1987 gav Rod Stewart ut «Sailing» som ein veldedig singel etter Herald of Free Enterprise-ulukka utafor den flamske hamnebyen Zeebrugge,[9] og vart ein liten hit i Flandern (24. plassen), Storbritannia (41. plassen) og Irland (30. plassen).

«Sailing» vert som regel alltid spelt som siste song på konsertane til Stewart.

Salslister

Meir informasjon Liste (1975), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

«Sailing» er òg blitt spelt av Joan Baez (album Blowin' Away/ 1977), Brotherhood of Man (album 20 Number One Hits/ 1980), the Nolan Sisters (album 20 Giant Hits/ 1978), Smokie, (album Uncovered Too/ 2002), Dame Vera Lynn,[28] Robin Trower (album Long Misty Days/ 1976).[29] og Roger Whittaker (album Roger Whittaker Sings the Hits/ 1978).[28] Instrumentale versjonar av «Sailing» er blitt spelt inn av London Symphony Orchestra (album Classic Rock/ 1977) og Richard Clayderman (album A Little Night Music – 12 Classic Love Songs/ 1988).[28]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads