Salepsrot
planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Salepsrot (Anacamptis pyramidalis) er ei plante i narrmarihandslekta Anacamptis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Ho veks ikkje i Noreg.
Salepsrot | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Anacamptis | ||
Art: | A. pyramidalis | ||
Vitskapleg namn | |||
Anacamptis pyramidalis
(Linné) Rich. | |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik grasmark | ||
Utbreiing: | Europa, vestlege Asia, nordlege Afrika |
Remove ads
Systematikk
Salepsrot var tidlegare den einaste arten i slekta Anacamptis,[2] men no er fleire artar flytta over frå vårmarihandslekta Orchis.[3][4]
Utbreiing
I Sverige finst salepsrot (svensk namn salepsrot) på Öland, der han har vore i tilbakegang, og på Gotland, der han er ganske vanleg. Arten er i Sverige rekna som livskraftig (LC).[5]
I Danmark (dansk namn horndrager) er han berre kjend frå nokre få spreidde funnstader, og er klassifisert som sårbar (VU).[6]
Salepsrot (engelsk namn pyramidal orchid) er vanleg over det meste av Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[7][8] på same måte som lokalt i England og Wales,[9][10] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[11]
I Estland (estisk namn püramiid-koerakäpp) veks salepsrot på Saaremaa med berre eit par registrerte funn på fastlandet. Arten har status som sårbar (VU).[12]
I Benelux er arten (nederlandsk namn hondskruid, fransk namn orchis pyramidal) sjeldan i Nederland og er først og fremst å finne i Limburg og i dynelandskapet nær kysten. I Flandern i Belgia er han svært sjeldan, men i Vallonia er han ganske vanleg i Famenne og Gaume i søraust.[13][14] I den nederlandske raudlista er arten rekna som livskraftig (LC, thans niet bedreigd),[15] I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og sårbar (VU, vulnérable) i Vallonia.[16][17] I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).[18]
Remove ads
Hybridar
Salepsrot kan danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Anacamptis pyramidalis × Gymnadenia conopsea eller ×Gymnanacamptis anacamptis).[19] Hybriden er observert sporadisk i England.[20]
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads