Sally Oldfield

britisk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Sally Patricia Oldfield (fødd 3. august 1947)[1] er ein irskfødd britisk visesongar, og syster til musikarane Mike og Terry Oldfield.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Oldfield starta musikkarrieren sin tidleg i 1968, då ho spelte inn ein demo i lag med den yngre broren Mike Oldfield. Desse innspelingane vart føreslått og overvaka av Mick Jagger. Det er ikkje kjend kva som skjedde med desse innspelingane.[2] Kort tid etter skip ho ein viseduo, The Sallyangie, i lag med broren Mike. Duoen fekk kontrakt med Transatlantic Records og spelte inn eit enkelt album, etter tilråding frå Pentangle-gitaristen John Renbourn, som Oldfield møtte på Troubadour Folk Club i Bristol. Albumet Children of the Sun vart spelt inn i august 1968.

Oldfield var sidan gjesteartist på korvokal på fleire av albuma til broren Mike, inkludert Tubular Bells. Oldfield sjølv gav ut det første soloalbumet sitt, Water Bearer, i 1978. Songen hennar «Mirrors» frå dette albumet vart gjeven ut på singel og nådde 12. plassen på UK Singles Chart.[3] Sidan den gongen har ho gjeve ut femten soloalbum.

I tillegg til broren har ho sunge i lag med Steve Hackett og Justin Hayward frå The Moody Blues.

Remove ads

Diskografi

Solo

  • 1978 – Water Bearer
  • 1979 – Easy
  • 1980 – Celebration
  • 1981 – Playing in the Flame
  • 1982 – In Concert
  • 1983 – Strange Day in Berlin
  • 1987 – Femme
  • 1988 – Instincts
  • 1990 – Natasha
  • 1992 – The Flame as 'Natasha Oldfield'
  • 1994 – Three Rings
  • 1996 – Secret Songs
  • 2001 – Flaming Star
  • 2009 – Cantadora
  • 2012 – Arrows of Desire
  • 2018 – The Enchanted Way
  • 2019 – Mystique

Med Steve Hackett

  • 1975 – Voyage of the Acolyte

Med Mike Oldfield

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads