Sand av Saba
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Sand» er ein dansk poplåt frå 2024 med den danske artisten Saba[4]. Låten vann Dansk Melodi Grand Prix 2024 og var det danske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.
Remove ads
Om songen
«Sand» er skriven av Jonas Thander, Melanie Wehbe og Pil Kalinka Nygaard Jeppesen.[5] I intervju har Saba uttalt at songen er ein måte å uttrykkje kjensla av å miste kontrollen på, ved å bruke metaforen om sand som sklir og fell gjennom hendene på ein som ein metafor for songen.[6]
«Sand» var eit av åtte bidrag som blei valde ut til å delta i den danske songkonkurransen Dansk Melodi Grand Prix 2024.[7] Finalen blei arrangert laurdag 17. februar, og «Sand» avanserte til superfinalen. Der vant «Sand» konkurransen med totalt 37 prosent av røystene.[8][9]
Som vinnar blei «Sand» det danske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.[10] Der deltok songen i den andre semifinalen torsdag 9. mai.[11] Låten enda som nummer 12 av 16 bidrag med 36 poeng, og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 11. mai.[12] Dette var fjerde året på rad at Danmark ikkje kvalifiserte seg til finalen.[13][14]
Remove ads
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads