Sandesundbrua
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sandesundbrua mellom Sarpsborg og Fredrikstad er, med ei totallengd på 1 528 m, ei av dei lengste bruene i Noreg. Brua kryssar Glomma, og strekkjer seg frå Alvim via Sandesund over Glomma i Sarpsborg kommune, og møter land att på Årum i Fredrikstad kommune. Kommunegrensa kryssar brua omtrent på midten.
- Denne artikkelen er om Sandesundbrua i Østfold. For informasjon om Sandnessundbrua i Troms, sjå Sandnessundbrua.
Remove ads
To-felts Sandesundsbru
Brua er ein del av E6 gjennom Østfold, og vart opna i 1978. Ho hadde då to køyrefelt og ein gang- og sykkelbane bygd under køyrefelta.
Då brua vart bygd i perioden 1970-1978 var det ein føresetnad at ho skulle få fire køyrefelt, men på grunn av finansieringssituasjonen vart det vedteke å byggja berre to felt.
Brudelar
Brua har 48 spenn og er inndelt i brudelar:
- Viadukt sør har ei totallengd på 414 m. Landkar i sør og dei to næraste søyleaksane er fundamenterte direkte på fjell. Overbygningen har form som eit kassetverrsnitt.
- Brua over Glomma har ei totallengd på 449 m og eit hovudspenn på 139 m. Dei tre pilarane lengst nord er fundamenterte med bora betongpålar til fjell, i andre aksar er det fundamentert med sole direkte på fjell. Spennet over Glomma er bygd som «fritt frambygg». Overbygningen har form som eit kassetverrsnitt.
- Brua over Torsbekkdalen har ein totallengde på 389,5 m og hovudspenn 99 m. De tre pilarane lengst nord er fundamenterte med sole direkte på fjell. Øvrige fundament er fundamentert med pålar til fjell. Hovudspennet er bygd som «fritt-frambygg», det vil seia at dei berande delane av konstruksjonen er plasserte under brua.
- Viadukt nord har ei totallengd på 275,5 m. Fundamenteringa er ein kombinasjon av nedramma betongpålar og bora betongpålar til fjell. Overbygningen har form av ei plate.
Remove ads
Ny fire-feltsbru
I 2005 starta bygginga av ein «kopi» av den gamle brua, som vart bygd parallelt med den gamle. Ho er 1 521 m lang.[2] Dette var eit ledd i utbygginga av fire-felts veg frå Oslo til Gøteborg. Denne utbygginga er også ein del av den bompengefinansierte utbygginga av E6 gjennom Østfold.
16. mai 2008 vart den nye brua opna for trafikk. Samstundes vart den gamle brua stengd for rehabilitering. Sandesundbrua opna for fire-feltstrafikk i november 2008[3].
Bilete frå bygginga av den nye Sandesundsbrua
- Brua sett over Glomma
- Fundamentet på sørsida av Glomma
- Bilde teke frå gangbrua
- Her er den eine pilaren som skal bera «fritt-fram konstruksjonen»
- Stillas er monterte for å kunna byggja brubanen
- Brua sitt sørlege landkar
- Sandesundbrua sett frå viadukt sør
Sjå òg
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads