Sandra Perković

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sandra Perković
Remove ads

Sandra Perković (fødd 21. juni 1990), gift Elkasević, er ein kroatisk friidrettsutøvar som tevlar internasjonalt i diskoskasting og tidlegare også kulestøyt. Perioden 2010-24 vann ho gullmedaljen i diskoskast i sju europameisterskap i rad. Ho vart olympisk meister i øvinga i 2012 og 2016, og vart verdsmeister i 2013 og 2017. Perković presterte livsbeste 71,41 meter sommaren 2017.

Kjappe fakta

Då ho vart europameister i Zürich i 2014 sette ho landsrekord med 71,08 meter. Perković tok gull i diskos under sommar-OL 2016.[1]

Perković vart medlem av det kroatiske parlamentet ved valet i 2015, og sat i under eit år.[2]

Remove ads

Doping

I 2011 var Perković utestengd frå idretten i seks månader grunna brot på dopingregelementet.[3]

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads