Santamartatapakulo
art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Santamartatapakulo (Scytalopus sanctaemartae) er ein fugl i tapakulofamilien, endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.
Remove ads
Skildring
Dette er ein liten tapakulo, ca. 11 centimeter, fjørdrakta til hannfuglen er litt bleikgrå, men han har brunoransje bakkropp med svarte tverrstriper. Den litle oppeikande halen er mørkebrun. Han har ein liten kvit flekk midt på hovudet. Hoa er bleikare og har mindre kvitt på hovudet enn hannfuglar. Santamartatapakuloar lever nede i mørk, fuktig underskog, frå 900 til 1700 moh.
Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil.[1]
Remove ads
Om tapakuloar generelt
Tapakuloar lever i tett vegetasjon på eller nær bakkenivå og finst hovudsakleg i fjellområda i utbreiingsområdet sitt. Dei kan vere særs krevjande å observere ettersom dei spring i underskogen på ein musaktig måte. Artane er terrestriske, har korte venger og fuglane har derfor dårlege flygeevner. Dei har kraftige bein, godt egna til livet på grassletter og i underskog. Stjerten er oppreist. Dei vert enklast oppdaga og identifisert med hjelp av kjenneteikn i songen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads