Santiago metropol-regionen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Santiago metropol-regionen
Remove ads

Santiago metropol-regionen (spansk Región Metropolitana de Santiago) er ein av dei seksten regionane i den administrative inndelinga av Chile. Han grensar i nord og vest mot Valparaíso-regionen og i sør mot O'Higgins-regionen. I aust grensar han mot Argentina.

Kjappe fakta Land, Hovudstad ...

Det er einaste administrative region i landet utan kystlinje og inneheld hovudstaden i nasjonen, Santiago. Dei fleste kommersielle og administrative sentra er lokaliserte i regionen, inkludert Chiles viktigaste internasjonale flyplass, Arturo Merino Benítez internasjonale lufthamn.

Med eit areal på 15 403,2 km2 og folkesetnad på over 7 millionar, er det Chiles mest folkesette og tettast folkesette region.

Remove ads

Geografi

Santiago metropol er einaste landslåste regionen i Chile og ligg i den mellomliggjande Valle Central mellom den chilenske kystserien og Andesfjella. Cerro San Cristóbal dominerer det vidstrekte bybiletet i Santiago i ei høgd av 880 meter over havet med byforstader som jamt og trutt klatrar ved foten av Andesfjella i aust. Tupungato-stratovulkanen, med ein topp på 6 570 moh. på grensa mot Argentina, er ein av Sør-Amerikas høgaste fjelltoppar.

Det dominerande dreneringsbassenget strøymer inn i Maipo-elva med dei viktigaste sideelvane Mapocho, Yeso og Colorado.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads