Santos

From Wikipedia, the free encyclopedia

Santos
Remove ads

Santos er ein hamneby og kommune i delstaten São Paulo i søraustregionen av Brasil.[2] Byen ligg delvis på øya São Vicente og delvis på fastlandet. Han er hovudbyen i storbyregionen Baixada Santista.[3] Folketalet er 433 656 (est. 2020), på eit areal som dekkjer 280,67 km².[4]

Kjappe fakta Land, Stat ...

Santos blei skipa i 1546 av den portuguisiske adelsmannen Brás Cubas.[5] I byen ligg eit kaffimuseum, på ein stad der ein tidlegare slo fast kaffiprisar på verdsbasis. Det finst også eit fotballminnesmerke til ære for dei største fotballspelarane frå byen som Pelé. Fotballklubben FC Santos spelar i den brasilianske toppdivisjonen, og vann seriemeisterskapen i 2004.

Den norske Sjømannskyrkja hadde kontor i byen på store delar av 1900-talet.[6]

Remove ads

Økonomi

Santos har den største eksporthamna i Sør-Amerika og handterer mellom anna ein stor del av kaffieksporten i landet. I tillegg blir det eksportert mykje stål, olje, bilar, appelsinar, bananar og bomull gjennom hamna. Byen har òg ein del industri, og dessutan at han òg er eit lokalt senter for turisme.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads