Sara Slott Petersen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sara Slott Petersen
Remove ads

Sara Slott Petersen (fødd 9. april 1987) er ein dansk friidrettsutøvar frå Nykøbing Falster som deltek på sprintdistansane og i hekkeløp. Ho vart i 2016 europameister på 400 meter hekk, det fyrste EM-gullet teke av ein kvinneleg dansk friidrettsutøvar. Same sommaren vann ho sølvmedaljen i øvinga med personbeste 53,55 sekund.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Petersen sette i juli 2011 dansk rekord på 400 m hekk med 55,97 sekund, ein rekord ho forbetra till 55,68 i polske Szczecin, like før Sommar-OL 2012 i London. I sjølve sommarleikane rauk ho ut i semfinalane, slik ho hadde gjort fleire gongar før i store meisterskap.

Sesongen 2015 gjorde Petersen veldige framsteg over langhekken, noko som toppa seg med tida 53,99 sekundar under DL-stemnet i Paris den 4. juli. Sju veker seinare vart ho nummer fire i øvinga ved friidretts-VM i Beijing, 0,18 sekundar bak bronsevinnaren. Under europameisterskapen 2016 i Amsterdam vann Petersen ein rimeleg klar siger i finalen etter eit løp som varte i 55,12 sekund. Den 18. august kryssa målstreken i OL-finalen i Rio de Janeiro på livsbeste 53,55 sekund, eit løp som gav henne sølvmedaljen, einast Dalilah Muhammad frå USA sprang fortare.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads