Sarafan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sarafan (russisk сарафа́н) er ein kjoleforma kvinnedrakt som var vanleg i Det russiske keisarriket frå rundt 1700 fram til den russiske revolusjonen i 1917.[1] Sarafan er ein type stroppekjole; han består av eit livstykke som ofte er ettersitjande, utan erme, men med stroppar eller band over skuldrene. Dette er sydd fast til eller brukt saman med eit vidt skjørt.[1] Plagget er ofte fargerikt og pynta med mønstra bordar. Drakten blir tradisjonelt brukt over ein bluse og ofte i lag med forkle.[1] I dag inngår plagget i russiske folkedrakter.

Remove ads
Galleri
- Raud sarafan
- Folkedrakt av sarafan, bluse og forkle frå Moskva oblast
- Festdrakt frå Lugansk frå 1800-talet
- Russiske bondejenter ved elva Sjeksna nær landsbyen Kirillov fotografert av Sergej Prokudin-Gorskij 1909. Jenta i midten ber sarafan av brokade.
- Illustrasjon av Ivan Bilibin (1876-1942) til det russiske folkeventyret Maria Morevna. Alle jentene er teikna med tradisjonelle sarafanar. Mennene har òg russiske folkedrakter, blant anna med kosovorotka («russarskjorte»).
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads