Say It's Not True

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Say It's Not True» var den første singelen til Queen + Paul Rodgers, gjeven ut på Verdas AIDS-dag 1. desember 2007. Songen var tilgjengeleg som gratis nedlasting frå QueenOnline.com. Songen var skriven av trommeslagaren Roger Taylor med alle dei tre medlemmane på vokal. Songen vart framført live på verdsturneen til Queen + Paul Rodgers i 2005-2006, men då som ein akustisk song med berre Taylor på vokal. Då songen vart framført på Rock the Cosmos-turneen, vart songen sungen av Taylor, May og Rodgers slik som på singelen.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Queen + Paul Rodgers-kronologi ...

Songen vart skriven for Nelson Mandela sin AIDS-organisasjon, «46664», og vart derfor framført av Queen den 29. november 2003 med Roger Taylor på gitar og David A. Stewart på gitar.

Den 31. desember 2007 vart songen gjeven ut på CD-singel, og alle inntektene frå salet gjekk til «46664».

Remove ads

Konsertopptak

  • Return of the Champions CD/LP/DVD (2005)
  • Super Live in Japan DVD (2006) (berre Japan)
  • Live in Ukraine CD/DVD/DOWNLOAD (2009)

Lister

Sidan singelen var tilgjengeleg gratis på nettet gjorde han det ikkje så bra på salslistene.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads