Scheat
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Scheat eller Beta Pegasi (β Peg, β Pegasi) er ei raud kjempestjerne i stjernebiletet Pegasus. Den tilsynelatande storleiksklasse er 2,42, som gjer ho til den nest mest lyssterke i stjernebiletet etter Epsilon Pegasi.
Basert på parallaksemålingar ligg Beta Pegasi kring 196 lysår.[1] Ho er uvanleg for å vere ei lyssterk stjerne fordi ho har ein relativt låg overflatetemperatur, samanlikna med stjerner som sola.[7] Denne stjerna har ein spektralklasse på M2.3 II-III,[2] som indikerer at spektrumet har eigenskapar mellom ei lyssterk kjempe og ei kjempestjerne. Ho har utvida seg til å bli 95 gonger så stor som sola og ho lyser 1500 gonger så sterkt.[7] Den effektive temperaturen til den ytre envelopen til stjerna er kring 3 700 K,[8] og gjev stjerna ein karakteristisk oransje-raud farge til ei klasse M-stjerne.[10]
Beta Pegasi er ein halvregulær variabel med ein periode på 43,3 dagar[4] med ein lysstyrke som varierer frå +2,31 til +2,74.[11]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads