Scott 4
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Scott 4 er det femte soloalbumet til Scott Walker. Det vart gjeve ut seint i 1969 under fødenamnet hans, Noel Scott Engel (namnet Walker finst ikkje på det originale plateomslaget), og var det første Walkeralbumet som berre bestod av sjølvskrivne songar.
Albumet nådde ikkje salslista og vart sletta kort tid etter. Det er spekulert i at albumet selde dårleg fordi det vart gjeve ut under namnet Noel Scott Engel og ikkje Scott Walker. Alle nyutgjevingar av albumet har sidan blitt gjeve ut under scenenamnet hans. I dag vert det rekna som eit av dei sterkaste albuma hans og finst mellom anna i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Det er òg blitt hylla av kjende artistar som David Bowie og medlemmar av Radiohead.
Sitatet «a man's work is nothing but this slow trek to rediscover, through the detours of art, those two or three great and simple images in whose presence his heart first opened» (tilskriven den fransk-algeriske forfattaren Albert Camus) står på baksida av plateomslaget.
Remove ads
Songar
«The Seventh Seal» er basert på ein klassisk film av Ingmar Bergman og består av eit stemningsskapande arrangement som minnar om Ennio Morricone. «The Old Man's Back Again» har òg eit arrangement som minnar om Morricone og er, som tittelen seier, dedisert til «det ny-stalinistiske regimet». «Den gamle mannen» som det vert referert til er truleg Josef Stalin.
Innhald
Alle spor skrivne av Noel Scott Engel
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads