Scott-basen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Scott-basen er eit forskingsanlegg som ligg i Antarktis og vert drive av New Zealand. Basen vart kalla opp etter kaptein Robert Falcon Scott i Royal Navy, leiaren for to britiske ekspedisjonar til Rosshavet i Antarktis. Basen ligg på Ross Island nær Mount Erebus i Ross Dependency, og vart opphavleg oppretta som eit senter for feltforsking i geovitskapar, men det vert i dag drive mykje forskjellige felt.

- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Amundsen-Scott-stasjonen.
Remove ads
Remove ads
Historie
Scott-basen vart opphavleg bygd for å støtte den britiske Commonwealth Trans-Antarctic Expedition (TAE). Tre observatørar frå New Zealand vart med for å finne ein eigna stad for ein base og dei valde McMurdo Sound med hjelp frå USA under Operasjon Deep Freeze I sommaren 1955. Etter ei evaulering av mogelege stader, valde dei ein stad nær Butter Point. Dette vart seinare flytta til Pram Point sidan det var lettare å losse forsyningar frå ekspedisjonsskipet HMNZS «Endeavour» i tillegg til at ein knytte nytte isen som rullebane. Basen ligg oppom Haskell Strait. Scott-basen gjekk over til dei newzealandske styresmaktene via Department of Scientific and Industrial Research (DSIR) 5. mars 1958, då TAE var over.
I løpet av det internasjonale geofysiske året fungerte ikkje anlegget til USA ved Hut Point som vitskapleg base. Denne oppgåva gjekk til Scott-basen, som fekk i oppdrag å samle inn vitskaplege data (polarlys, ionosfæren, seismikk mm.) og knytte forskingsaktivitetane i McMurdo-området til aktivitetane ved den amerikanske polstasjonen og den felles amerikanske og newzealandske stasjon ved Cape Hallett i Victoria Land.
I 1958, då det internasjonale året var over, valde New Zealand å halde fram drifta av Scott-basen for å drive forsking. For å oppretthalde operasjonane, starta ei ombygging av basen i 1976. I 2005 vart basen igjen utvida og dekka då 1800 kvadratmeter.
Remove ads
Klima
Basen har eit typisk klima for kysten av Antarktis, med ein minimumstemperatur kring −45 °C og maksimumstemperaturar som stundom stig over null grader. Han er utsett for kraftige, sørlege snøstormar, men alt i alt er det mindre vindfullt her enn på McMurdo-basen. Det høgaste vindkastet som er målt her var på 185 km/h med middelvindar under snøstormar på 95–115 km/h. Varmerekorden på stasjonen er 6,0 °C og kulderekorden er −57 °C, medan middeltemperaturen er −19,6 °C.
Remove ads
Sjå òg
- Marble Point
- McMurdo-basen
- McMurdo Sound
- Mount Erebus
- Rossisen
- Williams Field
Bakgrunnsstoff
- Heimesida til Antarktis New Zealand
- Heimesida til Scottbasen Arkivert 2009-10-04 ved Wayback Machine.
- Vêret på Scott-basen Arkivert 2012-01-16 ved Wayback Machine.
- Webkamera ved Scott-basen
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads