Scream Like a Baby

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Scream Like a Baby» er ein song skriven av David Bowie i 1980 for albumet Scary Monsters (and Super Creeps).

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Musikk og tekst

Songen fokuserer på ein hovudperson kalla Sam som i lag med forteljaren på songen tilsynelatande sit i eit politisk fengsel. Sjølv om songen er sett til framtida, er soga i fortid, på ein måte som Bowie skildra som «framtidsnostalgi... Ei blikk attende på noko som ikkje har skjedd enno».[1] Musikalsk er songen kjend for den «ultra-moderne new wave-gitarsynth-lyden»,[1] og for at Bowie nytta varispeed-vokal for å illustrere Sam sin nedadgåande spiral i fengselssjukehuset – i følgje NME-kritikaren Roy Carr og Charles Shaar Murray er effekten som «om forteljaren på 'All the Madmen' var busett i verda i '1984'».[2]

«Scream Like a Baby» var eit av fleire spor på Scary Monsters som utvikla seg frå songar Bowie hadde skrive fleire år tidlegare. Denne vart opphavleg komponert i 1973 med ein annan tekst, som «I Am a Laser» for The Astronettes (Ava Cherry, Geoffrey MacCormack og Jason Guess).[3] Bowie arbeidde på eit album for gruppa, men det vart etter kvart droppa og kom til slutt ut i 1995 som eit Ava Cherry-album kalla People from Bad Homes. «I Am a Laser» var eit av spora her.[4]

Bowie hadde tenkt å spele songen i 1987 under Glass Spider-turneen, men droppa songen frå setlista før turneen kom i gang.[5]

Remove ads

Andre utgjevingar

  • Han kom ut som B-sida til singelen «Fashion» i oktober 1980.

Medverkande

Notes

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads