Scuol

From Wikipedia, the free encyclopedia

Scuolmap
Remove ads

Scuol (av latin scopulus, ‘klippe’) er ein kommune i distriktet Inn i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunesenteret ligg 1290 meter over havet. Kommunen hadde 2 376 innbyggjarar i 2010, og eit areal på 144 km². Den 1. januar 2015 blei kommunen slått saman med 5 andre kommunar, Ardez, Ftan, Guarda, Sent og Tarasp, til den flatemessig største kommunen i Sveits. Han har no rundt 4 700 innbyggjarar og eit areal på 439 kvadratkilometer.

Thumb
Scuol i Unterengadin
Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...

Det offisielle språket er retoromansk, slik det er i heile området Unterengadin, men befolkninga snakkar også sveitsartysk.

Remove ads

Geografi

Heile sørsida mot Piz Champatsch er ein del av skiområdet Motta Naluns med totalt 80 km med løyper og 12 heisar, noko som gjer det til eit av dei største skiområda i Sveits.[1]

Kommunen er hovudstad i Inn og høyrer til Suot Tasna kreis. Han er ein kjend kurstad og feriestad og eit handelssenter i Unterengadindalen. Han er den største landsbyen på venstresida av elva Inn. Han består av landsbyen Scuol med delar av Pradella og dan gamle gruvelandsbyen S-charl.

Remove ads

Klima

Unterengadin er kjent for sitt solrike klima og er mellom de turraste områda i heile alperegionen. Hovudmengda av nedbøren kjem om sommaren, mens februar er den turraste månaden. Området har lite fønvind, så det er jamnast ein del snø om vinteren.

Bygningar

Den seingotiske kyrkja St. Georg er frå 1516. Bydelen Scuol Sot har gamle og velhaldne bustadhus.

Samferdsle

Scuol er austleg endestasjon på den engandinske delen av Rhätische Bahn, eit smalspora jarnbanenett i Graubünden.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads