Sebastia i Nablus

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sebastia i Nablus
Remove ads

Sebastia (arabisk سبسطية, Sabastiya; gresk Σεβαστη, Sebastē latinsk Sebaste) er ein palestinsk landsby med over 4 500 innbyggjarar,[2] i Nablus guvernementVestbreidda kring 12 kilometer nordvest for byen Nablus.[3]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads
Remove ads

Historie og arkeologi

Sebastia har fleire viktige arkeologiske stader. Oltidsbyen Samaria-Sebaste ligg like oppom den moderne landsbyen i austsida av ein ås.[4] Ruinane dominerer åssida og kjem frå seks forskjellige kulturar som er datert attende 10 000 år: kanaanittane, israelittane, hellenarane, Det herodiske dynastiet, romarane og austromarane.[5]

Byen vart øydelagd av Aleksander den store i 331 fvt., og vart øydelagd på ny av Johannes Hyrkanos i 108 fvt.[6] Pompeius bygde opp at byen i år 63 fvt. I 27 fvt. gav Augustus Cæsar han til Herodes den store. Herodes utvida og renoverte byen, og gav han namnet «Sebaste», som tyder «Augustus», til ære for keisaren.[6] Herodes den store førte sønene sine Alexander og Aristobulus til Sebaste og kvelte dei i 7 fvt. etter ei rettssak i Berytus etter løyve frå Cæsar.[7]

Sebastia var setet til ein biskop i krossfarar-kongedømet Jerusalem. Han er nemnt i dokumenta til Yaqut al-Hamawi (1179–1229), ein syrisk geograf, som plasserte han i Filastin-provinsen i Jerusalem, to dagsreiser frå byen, i Nablus-distriktet. Han skreiv òg «Her ligg gravene til Sakarja og Jahya, sonen til Sakarja (Johannes døyparen), og ein av mange andre profetar og heilage menn.»[8]

I dagens Sebastia ligg hovudmoskéen i landsbyen, Nabi Yahya-moskeen, i ruinane av ei krossfarar-kyrkje ein trur vart bygd over gravene til profetane Elisja, Obediah og Johannes døyparen.[4][9] Her finst òg romerske kongelege graver, og nokre få bygningar frå mellomalderen og mange frå osmansk tid som er godt bevarte.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads