Selkupisk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Selkupisk er eit uralsk språk. Det høyrer til den sørlege delen av den samojediske språkgreina, og det er det einaste sørsamojediske språket som framleis har talarar. Andre sørsamojediske språk var mator, khoibalsk og kamassisk.
I den russiske folketeljinga frå 2010 vart det registrert 3649 selkuparar og 1023 selkupisktalande.[1] I 1994 vart det vurdert at selkupisk hadde ca. 1570 talarar, som gav ein morsmålsprosent på godt under 50 %.
Selkupisk blir snakka i dei vestlege delane av Sibir, langs Taz-elva og mellom Ob og Jenisej.
Remove ads
Dialektar
Selkupisk har tre dialektar: nord-, midt- og sørselkupisk. Nordselkupisk er den største dialekten, dei to andre dialektane har færre enn 100 talarar kvar.
Grammatikk
Syntaks
Selkupisk er eit SOV-språk.
Skriftspråk
Før den russiske revolusjonen vart det publisert ein del religiøse skrifter på selkupisk. Rett etter revolusjonen fekk selkupisk, som så mange språk i Sovjetunionen, eit eige skriftspråk, basert på det latinske alfabetet. I tråd med skiftet i den sovjetiske politikken i 1935 vart dette skriftspråket skifta ut med eit skriftspråk basert på det kyrilliske alfabetet.
Forskingshistorikk
Selkupisk vart kartlagt av M.A. Castrén. Den viktigaste kjelda til kunnskap om selkupisk er notata til Kai Donner, som framleis ikkje er publisert.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads