Sense of Doubt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Sense of Doubt» er eit instrumentalt stykke skrive av David Bowie i 1977 for albumet “Heroes”. Det var den første av tre instrumentalar på side to av den originale vinylplata som glei over i kvarandre, før «Moss Garden» og «Neuköln».
Verket er omtalt som «storarta» og «grundig fryktinngytande»,[1][2] og er eit av dei mørkare spora på albumet, med eit fallande fire notar langt pianomotiv ved sidan av «ei skummel synthlinje som henta frå ein lydbit frå ein stumfilm frå ekspresjonisttida».[1] Brian Eno sa at dei kontrasterande temaa var resultatet av at han og Bowie kvar følgde eit Oblique Strategies-kort for å rettleie dei i innspelinga. Eno sitt instruerte han til å «gjere alt så likt som mogeleg» og Bowie sitt var å «understreke skilnader».[3]
«Sense of Doubt» vart framført på det italienske TV-programmet L’altra domenica i 1977 og gjennom “Heroes”-turneen i 1978.[4]
Remove ads
Konsertversjonar
- Framføringar frå “Heroes”-turneen i 1978 er komne ut på Stage (1978) og Welcome to the Blackout (2018).
Andre utgjevingar
- Han kom ut som B-sida til singelen «Beauty and the Beast» i januar 1978, ei samansetting som NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray meinte «må vere moro på jukeboksane på pubane».[2]
- Ei biletplate kom ut i RCA Life Time-serien.
- Songen er nytta i Christiane F. og det tilhøyrande albumet.
Andre versjonar
- Philip Glass – “Heroes” Symphony (1996)
- Steve Adey spelte songen på albumet Do Me a Kindness frå 2017.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads