Stage

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Stage er det andre konsertalbumet til den engelske musikaren David Bowie, spelt inn under Isolar II-turneen og gjeve på RCA Records ut i 1978. Dei første britiske utgåvene kom ut på gjennomsiktig, gul vinyl, medan somme europeiske trykk kom ut på blå vinyl. Sidan originalutgjevinga har Stage kome ut fleire gonger, kvar med utvida sporliste.

Meir informasjon David Bowie-kronologi, Singlar frå ...
Remove ads

Innspeling

Songane vart spelt inn på tre konsertar i USA, i Philadelphia, Providence og Boston seint i april og tidleg i mai 1978. Dei fleste songane var henta frå dei siste studioalbuma til Bowie, Station to Station, Low og "Heroes", men noko overraskande inneheldt òg albumet fem songar på rad frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Bowie hadde med seg sine faste musikarar frå denne tida, Carlos Alomar, Dennis Davis og George Murray, i tillegg til Adrian Belew (som fram til då hadde spelt litt med Frank Zappa) på gitar, Simon House frå Hawkwind på elektrisk fiolin, Roger Powell på tangentinstrument og Sean Meyes på piano, strykarar og korvokal. Alle vart seinare med på det neste studioalbumet til Bowie, Lodger.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Stage selde godt og i Storbritannia nådde det femteplassen og selde til gullplate. Det nådde òg 44. plassen på den amerikanske albumlista.

«Breaking Glass», som opphavleg kom ut ei kortare form på Low, kom ut på ein 3-spors EP og nådde 54. plassen på den britiske singellista. I USA vart «Star» gjeven ut som ein 3-spors EP, men gjekk ikkje inn på lista. I Japan vart «Soul Love» gjeven ut med «Blackout» på B-sida, men han gjekk ikkje inn på singellista.

Generelt vert albumet rekna som meir avslappa enn det førre konsertalbumet hans, David Live (1974), og fekk ros for god lyd og god framføring. Samstundes endra Bowie lite på arrangementa - i motsetnad til kva han hadde gjort på David Live – og Stage la lite til det som alt var på dei originale albuma, og det vart av somme kommentatorar sett på som eit marknadsføringstriks som ikkje rettferdiggjorde konsertane. Det vart kritisert for å mangle konsertkjensla sidan ein sjeldan høyrer publikum. Den opphavlege rekkefølgja på songane vart i tillegg endra på og lyden tonar inn og ut mellom kvart spor, som om det var eit studioalbum. Sjølv plateomslaget vart kritisert, mest fordi resten av omslaget berre bestod av variasjonar av det same biletet.

Stage gjekk opp til femteplass på den britiske albumlista, men berre til 44. plass i USA. «Breaking Glass» vart gjeve ut på singel.

I 2005 vart albumet gjeve ut på nytt med rett rekkefølgje på spelelista, og utan at songane vart tona ut mellom kvart spor.

I ei melding for 1991-utgåva sa Mat Snow i Q at «framføringane er kjappare enn studiooriginalane og lid under det. Det dei oppnår med dette tapar dei i kraft og intensitet.»[10]

Utgåva frå 2005 tok hand om mykje av kritikken frå den originale plata. I meldinga si for denne utgåva skreiv Chris Roberts i Uncut at kombinasjonen av Low/Heroes-perioden og songane frå Ziggy Stardust skapte eit konsertalbum som var ein «uhyggeleg klapring mellom to stolar». Han sa at forbetringa av lyden gjort av Tony Visconti og tillegg med «Stay» og «den glimrande 'Be My Wife'» gjorde den nye versjonen av Stage «essensiell for Dave-freaks, uansett».[9]

Albumet er med på lista til The Quietus over dei 40 beste konsertalbuma.[11]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Original LP frå 1978

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Kassettutgåva plasserte «Speed of Life» mellom «Fame» og «TVC 15».

Nyutgjevingar

Stage har kome ut på CD fire gonger. Første gongen var i 1984 på RCA Records, så i 1991 på Rykodisc (med eitt bonusspor), sidan i 2005 på EMI, og sist i 2017 på Parlophone (òg på vinyl). Rekkjefølja på utgåvene frå 2005 og 2017 reflekterer dei faktiske konsertane og har fjerna inn- og uttoninga mellom spora, og inneheld i tillegg songar som ikkje tidlegare var med på dei tidlegare utgåvene.

1984-utgåva

CD-utgåva frå 1984 inneheld same rekkjefølgje som den originale LP-utgåva og kom på to plater, trass i at den doble LP-utgåva var kort nok til å passe inn på ein enkel CD.

1991-utgåva

I 1991 vart Stage gjeve ut på CD med den same rekkjefølgja som på den originale plata, men med «Alabama Song» som bonusspor.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

2005-utgåva

2005-utgåva kom med ein ny rekkjefølgje på songane, som reflekterte den originale setlista på konsertane. Det vart i tillegg lagt til to songar som ikkje var gjevne ut tidlegare som bonusspor.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

2017-utgåva

I 2017 kom albumet i to versjonar i plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) på Parlophone. Ein versjon inneheld den originale miksen og den same rekkjefølgja som på det originale albumet. Den andre var ei ny utgåve av albumet, basert på 2005-utgåva, men i tillegg med opptak som ikkje var gjevne ut før frå konsertane.[12] Sistnemnde kom òg ut separat, som dobbel-CD og på tre LP-ar i 2018.[13]

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Andre medverkande

  • Jan Michael Alejandro – bandteknikar
  • Vern «Moose» Constan – bandteknikar tech
  • Rob Joyce – scenemanager
  • Leroy Kerr – bandteknikar
  • Edd Kolakowski – piano- og klaverteknikar (Australia, New Zealand og Japan)
Remove ads

Salslister

Meir informasjon År, Liste ...

Salstrofé og salstal

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads