Serafim av Sarov
russisk munk From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Serafim av Sarov (fødd Prokhor Isidorovitsj Mosjnin 19. juli 1754–2. januar 1833) var ein russisk munk og mystikar. Sankt Serafim budde i klosteret i Sarov, men verka som åndeleg far for det då vesle nonneklosteret i Divejevo, nokre kilometer frå Sarov. St. Serafim er ein av dei mest elska av dei russiske helgenane, og blei kanonisert den 19. juli jul./ 1. 1903 greg. etter personleg påtrykk frå tsar Nikolaj II. Relikviane hans blei tekne vare på i ein gullsarkofag i Sarovklosteret, men under revolusjonen blei dei gøymde av nonnene frå Divejevo, som sydde dei inn i lerret. Bolsjevikane var særs oppsett på å finna relikviane, då det blei sagt at St. Serafim hadde sett kommunistane si maktovertaking og fall.
I kaoset under revolusjonen og den påfølgjande borgarkrigen forsvann relikviane ut av historia. I 1991, på slutten av Gorbatsjov sin reformperiode, blei relikviane funne igjen i kjellaren i eit ateistisk museum i Leningrad, framleis innsydd i lerret, og merka med påskrifta "gamle måleri". Sommaren 1991 blei relikviane tekne til Moskva under stor kyrkjeleg festivitas, med m.a patriark Aleksij II til stades. Klosteret i Sarov var enno ikkje gjenopna, men det blei avgjort at relikviane skulle takast vare på i nonneklosteret i Divejevo. Det er i dag eit av dei store ortodokse pilegrimsmåla i Russland.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Serafim av Sarov» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2021.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads