Setting Me Up

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Setting Me Up» er ein song skriven av Mark Knopfler. Han vart opphavleg spelt inn av den britiske rockegruppa Dire Straitsdebutalbumet deira i 1978, men ikkje gjeven ut som singel. Ken Tucker i Rolling Stone skildra songen som eit «himmelsk nummer» som kombinerer humor med bitterheit, trass i at temaet er eit typisk kjærleiksforhold som har gått skeis.[1] Tucker skreiv at innverknaden til songen vert forsterka av den knurrande tonen i stemma til Knopfler og den country-aktige gitarsoloen.[1] Carly Darling i Billboard Magazine roste rockabillygitaren i songen, men kritiserte teksten.[2]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen var med på det doble konsertalbumet til Eric Clapton frå 1980, Just One Night, med Albert Lee på solovokal.[3] Albert Lee har òg spelt inn songen på albumet Hiding, med korvokal av Don Everly.[4]

«Setting Me Up» er ein av fem songar som utgjevaren til Knopfler gav ut på ein countrydemo, utan samtykke frå Knopfler. Dette førte til at fleire countryartistar spelte inn denne og andre songar av Knopfler.[5] Den amerikanske countrygruppa Highway 101 spelte songen i 1988 på albumet Highway 101² og gav han ut som den tredje singelen frå albumet i januar 1989. Songen nådde 7. plassen på Billboard Hot Country Singles-lista i april 1989.[6]

Remove ads

Lister

Meir informasjon Liste (1989), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads