Shaj

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

«Shaj» engelsk tittel «Fall from the Sky», er ein albansk popballade frå 2019 som vert framført av songaren Arilena Ara. Songen vann den albanske songtevlinga Festivali i Këngës i desember 2019 og skulle ha vore det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

«Shaj» er skriven av den albanske låtskrivaren Lindon Berisha og komponert av dei makedonske musikkprodusentane Darko Dimitrov og Lazar Cvetkovski for deltakinga til Arilena Ara i den 58. utgåva av Festivali i Këngës.[2] Songen vart plukka ut til tevlinga og deltok i semifinalen 20. desember, der han kvalifiserte seg til finalen 22. desember. «Shaj» vann til slutt finalen og vart dimed det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2020.

Etter sigeren fortalde Ara at songen opphavleg hadde engelsk tekst, og at ho vurderte å syngje den engelske versjonen i Eurovision Song Contest.[3] I februar 2020 kunngjorde artisten at songen skulle framførast med engelsk tekst. Han vart òg finpussa og endra til ein «radiovennleg ballade i tråd med poptrendar». 9. mars 2020 kunngjorde artisten sjølv at den engelske tittelen var «Fall from the Sky» ('falle frå himmelen').[4][5]

I Eurovision Song Contest i Rotterdam skulle Albania ha delteke i den andre semifinale torsdag 14. mai 2020.[6][7] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[8] Songen fekk dermed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Verbet «shaj» er albansk og tyder 'å fornærma, banne, skrike' eller 'spotte'.[9] I teksta kjenner eg-personen ein djup, brennande kjensle som får ho til å ynskje å spytte og rope ut nokre sterke ord.[9]

Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads