Shakedown Street

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Shakedown Street er det tiande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Grateful Dead, gjeve ut 15. november 1978 på Arista Records.[4] Albumet kom ut litt over eit år etter det førre albumet, Terrapin Station. Det var det siste albumet med Keith og Donna Jean Godchaux, som slutta i bandet nokre få månader etter albumet kom ut. Plata vart produsert av Lowell George (frå Little Feat) og John Kahn.

Meir informasjon Grateful Dead-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Innspeling

Mot slutten av pausen sin mellom 1974 og 1976 leigde Grateful Dead eit lager i San Rafael. I 1977, då sologitaristen Jerry Garcia øvde med Jerry Garcia Band for innspelinga av Cats Under the Stars, valde dei å fange lyden av rommet, og sette opp opptaksutstyr. Dette øvingslokalet vart så nytta til innspelinga av Shakedown Street, etter ønskje frå Garcia.[5] The Dead arbeidde igjen med ein ekstern produsent, men denne gongen henta dei inn ein ven og musikar dei respekterte. Trommeslagaren Bill Kreutzmann sa «Me ville ikkje arbeide med Keith Olsen igjen, men me måtte halde lovnaden vår til Clive Davis og bruke nokon utafor bandet i produsentstolen, så me henta inn Lowell George frå Little Feat.»[6]

Som på det førre albumet med sporet «Terrapin Flyer», skreiv Hart og Kreutzmann ein perkusjonsbasert instrumental («Serengetti»), og spelte han inn på området til medisinmannen Rolling Thunder i Nevada. «Stagger Lee» er ein original song av Garcia og Hunter basert på ei mykje spelt folkevise.[7]

Fleire av songane vart spelt inn som disco, softrock og balladar, og i kontrast til desse stod dei meir rocka songane som Weir tok med seg til innspelingane.

Før innspelingane var ferdige, heldt Grateful Dead tre konsertar. Dette var både for å teste dei nye songane føre publikum og for å skaffe inntekter til tre konsertar dei ønskte å spele føre Sfinksen ved Giza, som kravde å flytte eit stort mannskap over til Egypt. Då dei kom tilbake var Lowell George oppteken og albumet vart fullført med Jerry Garcia Band-bassisten John Kahn som produsent, og som òg tok over på orgel for Godchaux-paret som var på veg ut.[8][9] George døydde berre månader etter albumet kom ut.

Remove ads

Utgjeving

Plateomslaget vart laga av undergrunnskunstnaren Gilbert Shelton.

Albumet kom ut då den andre bølgja i punkrocken nådde eit høgdepunkt i California og Grateful Dead vart av kritikarane rekna som utdatert og dei fekk kritikk for å gå bort frå den eksperimentelle stilen sin og spele disco og softrock i staden.[10] I følgje Kreutzmann: «Deadheads [fansen til the Dead] kalla dette albumet og denne tida for Disco Dead. Eg kan forstå kvifor. Med det materiale og produsenten me hadde, så vart ikkje Shakedown Street like bra som det burde vore.»[6] Albumet selde til slutt til gullplate i 1987, men vart den første studioplata deira sidan Aoxomoxoa som ikkje nådde topp 40 på Billboard-lista, då det berre nådde 41. plassen. Det låg i alt nitten veker inne på lista.[11][12]

Same veka som albumet kom ut, spelte Grateful Dead på Saturday Night Live. Her framførte dei «Casey Jones» og «I Need a Miracle>Good Lovin'».[13]

Det kom ut to singlar frå albumet. «Good Lovin» (med «Stagger Lee») er ei redigert utgåve. Denne vart følgd opp av «Shakedown Street» (med «France»), òg i ei redigert utgåve.

Shakedown Street kom ut på CD i 1987.[4] Albumet vart ommastra og utvida med bonusspor for plateboksen Beyond Description i oktober 2004. Denne versjoen kom ut separat i 2006 på Rhino Records.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Grateful Dead

Andre medverkande

Teknisk

  • Brett Cohen lydteknikar
  • George Horn mastering i The Automatt i San Francisco
  • Ted Jensen – mastering i Sterling Sound, NYC
  • John Kahn – blåsearrangement
  • Bob Matthews lydteknikar
Remove ads

Salslister

Meir informasjon År, Liste ...

Salstrofé

Meir informasjon Sertifisering, Dato ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads